FRAMSIDE

  OM OSS

  MEDLEMMER

  KONTAKT
 
  Hardangermeny     Hardangerfrukt     Hardangersider     Søtt og godt     Fisk og kjøtt    
  
  
  
  
  
  
  

 

Hardangermeny er ein medlemsorganisasjon for over 40 serveringsstadar og lokalmatprodusentar i 7 Hardangerkommunar. Målet vårt er å auke bruken av lokale råvarer og å ivareta dei lokale mattradisjonane i Hardanger.

Mange har eit nært forhold til krotakaker, mjølkekaker, hardangerkling, potekaker, eplemost, sylta plommer, moreller og pærer, spekemat, korv og røykt lammekjøt. Dette og mangt anna kan du nyta hjå våre serveringstadar, gardsmatutsal og produsentar.

Hardangerbøndene er spesialistar på frukt og bær, samt å laga produkt av desse råvarene. Hardangersider er viden kjent både for sin smak og sin virkning. Har du smaka alle dei andre variantane av foredla frukt og bær ?

Råvarene har opp gjennom tidene vorte konservert på særeigne måtar, tilpassa det fuktige klimaet. Eldgamle mattradisjonar og lokale råvarer er utgangspunktet for baking, røyking, tørking, hermetisering, sursylting, brygging og graving. Det har gjeve oss smaken av Hardanger.

Fantasien set ingen grenser for kva desse unike råvarene kan brukast til. Framfor oss ligg eit hav av moglegheiter – til å utvikla smakane vidare. Kokkane ved dei mange hotella og restaurantane er opptekne av å utvikla nye smakar med basis i gamal tradisjon.