FRAMSIDE

  OM OSS

  MEDLEMMER

  KONTAKT
 
 
  
  
  
  
  
  
  

 

”Ver no velkomen med æra”


Slik opnar Hardangerkomponist Geirr Tveitt sitt tonestykkje.

Når Hardingane ber til bords er du velkomen, og tradisjonen tru tek me gjerne fram det beste me har. Me ynskjer at du som gjest skal skal få eit smakfullt og minnerikt møte med matkulturen vår.

Mange har eit nært forhold til krotakaker, mjølkekaker, kling, hardangerlefser, potekaker, sylta plommer, moreller og pærer, spekemat, korv og røykt lammekjøt.

Hardangerbøndene er spesialistar på frukt og bær, samt å laga produkt av desse råvarene. Hardangersider er viden kjent både for sin smak og sin virkning. Har du smaka alle dei andre variantane av foredla frukt og bær ?


Råvarene har opp gjennom tidene vorte konservert på særeigne måtar, tilpassa det fuktige klimaet. Eldgamle mattradisjonar og lokale råvarer er utgangspunktet for baking, røyking, tørking, hermetisering, sursylting, brygging og graving. Det har gjeve oss smaken av Hardanger.


Fantasien set ingen grenser for kva desse unike råvarene kan brukast til. Framfor oss ligg eit hav av moglegheiter – til å utvikla smakane vidare. Kokkane ved dei mange hotella og restaurantane er opptekne av å utvikla nye smakar med basis i gamal tradisjon.

Gå vidare inn på kvar enkelt verksemd å sjå kva dei har å tilby. Du finn htell, bortgøymde restaurantar, utsalsstader, småverksemder med gardsutsal og mykje anna spanande.

Ver no velkomen med æra. Sjå etter Hardangermeny . Ein garanti for lokale smakar frå Hardanger.